Måneskinshagen held til i Gloppen kommune på solrike og lune Hauge på nordsida av Gloppefjorden i Nordfjord. På garden Jørnbruket er det ypparlege vekstvilkår for frukt, bær og grønsaker. Det er tradisjon for fruktdyrking på garden heilt tilbake til 1800-talet. I tillegg har det vore grønsaksproduksjon samt planteoppal av krydder- og grønsaksplantar for sal på garden sidan 1930-talet. Jann og Synnøve driv i dag handverksdestilleriet Gardsbrenneriet frå garden.
Synnøve er oppvaksen med frukt- og grønsaksproduksjon på garden og lærte konvensjonelt grønsaksplanteoppal av far sin. Han kalla seg sjølv Måneskinsbonden på Hauge fordi gardsarbeidet måtte gjerast etter endt arbeidstid i dagjobben. I dag er det lagt om til økologisk drift på garden i det vi kallar Måneskinshagen – ein kombinert krydder- og grønsakhage som skal fokusere på dyrking av vekstar til bruk i Gardsbrenneriet sine drikkevarer.
Økologiske oppalsplantar til Måneskinshagen produserar vi sjølv på garden. Vi benyttar oss så langt som råd av norskproduserte frø av sortar som er godt utprøvd av oss i vestlandsklimaet på garden. Kulturarvsortane kjenner vi eit ansvar for å vere med å bevare, og vi ønskjer gjerne å gjere dei lettare tilgjengelege for dyrkeglade privatpersonar. Plantane som blir til overs i vår produksjon sel vi derfor i mai og juni lokalt på REKO, Bondens Marked Sandane og frå eit sesongåpent sjølvbetjent utsal på garden.