Rosenkål – Groninger – økologisk pluggplante

kr 7,00

Økologisk pluggplante

Utsolgt for 2024.

Beskrivelse

Eldre sort som gjev mange og relativt store og kompakte rosenkål med veldig god smak. Dei er litt større enn snittet for rosenkål og ganske jamne  i storleik. Plantan er kraftig, blir 60-80 cm hög. Groninger, som är mycket köldtålig, ger en fin skörd från oktober till december, både av brysselkålar och ett delikat toppskottTåler mykje kulde.

Rosenkål er generelt ein herdig kåltype og smaken blir søtare og meir “nøtteaktig” etter nokre skikkelege frostnetter. Dersom ein ønskjer å kunne hauste alle rosenkåla på stengelen samstundes må ein toppe planten (skjære av rosetten øverst) når dei nedste rosenkåla er omtrent 1,5 cm i diameter. Utviklinga av rosenkåla blir då jamnare og tidlegare.  Dersom ein ønskjer å la rosenkålstengelen stå ute på vinteren bør ein ikkje toppe den fordi den blir mindre herdig utan den. Rosenkåltoppen kan ein ete, den er god som lettkokt/smørdampa.

Plant ut småplantane litt djupare enn dei stod i pluggen og pakk godt til med jord.  Kålplantar som er skikkeleg herda tåler ofte antydning til frost, men det sikraste er å dekke dei med fiberduk om det er meldt minusgrader på våren etter utplanting. Berre hugs på å ta av fiberduken att på dagtid om det blir varmt og sol.
Radavstand: Opptil 70 cm
Planteavstand: 40-60 cm
Dette er med andre ord ikkje kålsorten ein vel om ein skal dyrke i ein liten plantekarm….Det går omtrent 1-2 plante per pallekarm….

Latinsk namn: Brassica oleracea var. Gemmifera

Dyrkerettleiing rosenkål
Rosenkål i mat