Beskrivelse
Duftpelargonium rose er ein av dei kraftigare veksande typane. Den har nydeleg roseduft og store rosa blomsterklasar.
Måneskinshagen dyrkar ei rekke ulike typar duftpelargonium til eit prosjekt der kjemistudenten til Gardsbrenneriet skal teste ut å dampdestillere den eteriske oljen frå plantane til vidare bruk i drikkevarer. Duftpelargonium blir brukt i parfymeindustrien og det er kanskje mindre kjent at både blad og blomster på denne planten kan etast og blir brukt som smakstilsetjing i mat. Den eteriske oljen sit i blada på planten. Blomstrane smakar ikkje så mykje men er til gjengjeld nydelege som kakepynt. Våre duftpelargonium er dyrka økologisk og kan trygt etast.
Her på garden har pelargonium vore ein overvintrande stoveplante i gamlehuset også i tidlegare generasjonar. Då riktignok den sorten utan duft. Pelargonium både med og utan duft vil ha jevn fuktighet, men vil ikkje stå i vatn. Den vil heller ha litt lett tørke enn våt jord. Temperaturen kan bli ganske høg og tørr utan at det plagar planten så mykje. Blir det for kaldt og fuktig vil den derimot ikkje trives. Pelargonium tåler mykje lys, men kan også bli fin om den får litt skygge. Gjødsling bør gjerast jevnleg dersom planten står i krukke. Vær varsom med nitrogen til blomstrande plantar. Fjern gjerne avblomstra blomsterklasar. Om sommaren kan planten gjerne stå ute. Duftpelargonium tåler ikkje frost og må overvintrast inne. Sett den i eit vindu ved 5-10 grader. Den veks ikkje om vinteren og skal då ha lite vatn og ingen gjødsling.
Dyrkerettleiing duftpelargonium