Rabarbra – Viktoria – økologisk – 3,5 liter potte

kr 279,00

Debiomerke farger med norsk kode Økologisk plante i 3,5 liter potte

Tomt på lager

Beskrivelse

Viktoria er ein gammal rabarbrasort med breie, kraftige stilkar og middels innhald av oksalsyre. Det er ein kraftig plante som treng lite stell og har saftige grønraude stilkar som gjev stor avling. Sorten er mest grøn innvendig. Den er litt seinere enn for eksempel Glaskins Perpetual.

Denne planten i 3,5 liter potte kan ein hauste forsiktig av allereie første året så lenge ein gjødslar godt og stoppar haustinga tidleg. Som regel klarar den seg godt gjennom vinteren. Det kan likevel vere lurt å dekke planten på ekstra kalde vintrar, spesielt dei første åra fram til planten har etablert seg godt og blitt stor.

Rabarbra trives i god og næringsrik jord. det er derfor viktig å gjødsle godt. Når ein haustar stilkar må ein ikkje klippe dei av. Ta tak i stilken nederst, vri litt og dra opp. Då får ein med heile stilken og det er ikkje noen rest att i bakken som kan råtne. Fjern blomsterknoppane for bedre smak og fleire stilkar.

Dyrkerettleiing rabarbra

Rabarbra i mat