Jordbærabarbra – Fultons Strawberry Surprise – økologisk – 3,5 liter potte

kr 279,00

Debiomerke farger med norsk kode Økologisk plante i 3,5 liter potte

Utsolgt for 2024.

Beskrivelse

Rabarbra ‘Fultons Strawberry Surprise’ er ein rabarbrasort med lange raude stilkar med ein nydeleg syrleg jordbærsmak. Den er gjennomraud og gjev rosa saft. Grad av rosafarge på stilkane varierer litt etter kor tid i sesongen ein haustar. Sorten er litt spedare i vekst enn f. eks. Viktoria og sjølv om den har klart kalde vintrar heilt fint her på garden utan dekke så bør ein nok vinterdekke den hvis ein vil vere heilt sikker på at den ikkje skal fryse vekk.

Denne planten i 3,5 liter potte kan ein hauste forsiktig av allereie første året så lenge ein gjødslar godt og stoppar haustinga tidleg. Som regel klarar den seg godt gjennom vinteren. Det kan likevel vere lurt å dekke planten på ekstra kalde vintrar, spesielt dei første åra fram til planten har etablert seg godt og blitt stor.

Rabarbra trives i god og næringsrik jord. det er derfor viktig å gjødsle godt. Når ein haustar stilkar må ein ikkje klippe dei av. Ta tak i stilken nederst, vri litt og dra opp. Då får ein med heile stilken og det er ikkje noen rest att i bakken som kan råtne. Fjern blomsterknoppane for bedre smak og fleire stilkar.

Dyrkerettleiing rabarbra

Rabarbra i mat