Ingefærmynte(Gullmynte) – Økologisk småplante

kr 49,00

Debiomerke farger med norsk kodeØkologisk småplante i firkantpotte 8,5×8,5×6,5cm

Utsolgt for 2024.

Beskrivelse

Måneskinshagen dyrkar mange ulike typar mynter som Gardsbrenneriet nyttar til å smaksette drikkevarene sine med. Mynte er mykje brukt i cocktails/mocktails og mynter med ulike smakar gjev ein spennande vri på drinken.

Ingefærmynte luktar og smakar nydeleg av mynte og ingefær. Den er ikkje av dei mest vinterherdige myntene så dersom ein ønskjer å ha den over fleire sesongar bør ein overvintre den frostfritt for sikkerhets skuld.

Ingefærmynte er ein dekorativ plante med rosa blomster og gulgrøne spraglete blad. .

Advarsel: Mynte kan raskt gå frå spennande kydderurt til heilt umogleg ugras (vi snakkar av erfaring…..). Den sprer seg med  rotskot og sjølv den minste lille rot kan ta over store areal på kort tid. Det er derfor lurt å plante den i potte. Berre pass på at det er dreneringshol i potta. Planten likar ikkje å vere “våt på føtene” over tid.

Latinsk navn: Mentha x gentilis (eller Mentha x gracilis) ‘Variegata’ 

Dyrkerettleiing krydderurter

Korleis bruke krydderurter