Frilandsagurk Marketmore – økologisk småplante

kr 35,00

Økologisk småplante i firkantpotte 8,5×8,5×6,5 cm

Utsolgt for 2024.

Beskrivelse

Tru det eller ei, men agurk er ein populær smak i brennevin, og opp gjennom åra har vi dyrka utruleg mange typar agurk på leit etter den perfekte svale, kjølande “aloe vera aktige” smaken. Marketmore er ein super frilandsagurk som også kan dyrkast i drivhus. Den kan plantast ut  når faren for frost er over. Fruktene har veldig god smak, er ca 5 cm tjukke og 20 cm lange. Dei har noko piggete skall men den er bitterfri. Fruktene veks på sideskota så desse skal ikkje skjærast heilt vekk.

Latinsk namn: Cucumis sativus L.

Foto og tekst frå frøleverandøren Solhatt.

Dyrkerettleiing frilandsagurk