Melonagurk Carosello – økologisk småplante

kr 35,00

Økologisk småplante i firkantpotte 8,5×8,5×6,5 cm

Utsolgt for 2024.

Beskrivelse

Denne byrja vi å dyrke for nokre år sidan fordi vi håpte at den hadde ein smak som vi kunne bruke i drikkevarene til Gardsbrenneriet. Det slo ikkje til, men den har likevel blitt eit fast innslag i sårekka vår for agurk fordi den er artig for ungane og smakar litt annleis. Carosello er ein agurksort med velsmakande fruktkjøt som minner litt om melon. Ovale frukter, ca. 15 cm lange, går over i gult ved modning. Frukta et ein fersk. Den  dannar korte rankar.

Den kan plantast ut  når faren for frost er over. Dyrk den  i varme uteforhold eller i drivhus.  Vi har endt opp med å ha den i drivhus fordi det ser ut til at den trives best der her i tunet. Stell den som ein vanleg agurkplante.

Latinsk namn: Cucumis melo (Flexuosus-gr)