Raud Snackpaprika – Snackbite Raud – økologisk småplante

kr 35,00

Økologisk småplante i firkantpotte 8,5×8,5×6,5 cm

Utsolgt for 2024.

Beskrivelse

Mini raud snackpaprika. Modnar fra grøn til rød.  Denne har vi dyrka nokre år no og den har blitt ein favoritt både hos store og små. Paprikadyrking er ei tålmodsprøve for dei små (og store…) fordi det tek så lang tid frå frøet er sådd til paprikaen er moden, og når det ENDELEG begynner å bli litt avling kjem frosten….. Slik sett er det kjekt med minipaprika som blir raskare modne enn dei store.

Det er ein kraftig plante til å vere minipaprika, ca 50-60 cm høg. Fruktene har glatt overflate og kan henge lenge på planten etter modning. Ca 2-3 cm breie og 5-6 cm lange. Søtare enn den gule og oransje snackbiten. Vi har dyrka den i 3,5 liters potter på undervatningskål i drivhuset og gjødsla med pelletert hønsegjødsel berekna på grønsaker. Denne går det også an å dyrke inne på kjøkkenet dersom ein har ein litt stor glaskarm. Då kan det vere lurt å sette ei gul limfelle i potta for å fange eventuelle hærmygg som kan dukke opp. Hærmygg var ein av dei mindre gledelege overraskingane som dukka opp då vi gjekk frå konvensjonell dyrkejord til økologisk jord med meir ukompostert organisk materiale. Dersom ein passar på å bruke undervatning (hærmygglarvane bur i dei 2-3 øverste cm med jord og tåler ikkje tørke) og limfeller held ein hærmyggen i sjakk.

Det går an å klippe planten  litt ned og forsøke å overvintre den inne, men ver merkasam på at det er fort gjort å få med inn utøy i hus som lus og hærmygg så sjekk i så fall planta godt for utøy først….

Latinsk namn: Capsicum annuum