Brytsukkerert Delikett 6-pack – økologiske småplantar

kr 72,00

6-pack – økologiske småplantar

Utsolgt for 2024.

Beskrivelse

Høgde: Ca 65 cm

Radavstand: 50 cm

Planteavstad: 5-10 cm

Delikett er favorittsukkererta her i tunet, søte og sprø. Vi har dyrka denne i over 15 år og den tida vi leverte grønsaker til Gloppen Hotell var dette ein favoritt i sukkerertmiksen som vi leverte der. Delikett er ei brytsukkerert, og det betyr at den har saftige runder belgar til forskjell frå sukkerert som har flate belgar. Delikett kan henge ganske lenge på planten før dei må haustast og tåler derfor ein kort ferie ute av tunet. Men om ein har anledning er det lurt å hauste dei så snart dei er klare, jo meir ein haustar jo fleire nye kjem det. Sorten gjev stor avling. Vi brukar dei ferske i salater, wok, lettkokte eller berre som knask.  Dei skal visstnok vere velegna til frysing, det har ikkje vi prøvd fordi ungane et dei opp før vi kjem så langt.

Delikett blir ikkje så høg, ca 65 cm. Dette gjer at den egnar seg supert til dyrking i potte eller kar på verandaen eller ved inngangsdøra (har kvite, dekorative blomster) slik at ein kan forsyne seg med sprø og søte knask i farta. Sjølv om den ikkje blir så høg så likar den å ha noko å støtte seg til. Vi har tidlegare samplanta Delikett (kvite blomster og grøne belgar) og Shiraz (rosa/lilla blomster og lilla belgar) i 40-literspotter med 80 cm espalier som kombinert snack-stasjon og dekorasjon ved inngangspartiet til huset med stor sukesss. For å halde dei litt nede kan ein eventuelt klippe av enkelte av dei spede sukkerertskota. Dei er gode å ete i salaten.

Tips: Vi brukar rimelege plantestøttekjegler frå Biltema i pottene som sukkerertene klatrar på.

Latinsk plantenamn: Pisum sativum L.

Dyrkerettleiing sukkerert