Løpstikke – Økologisk småplante

kr 35,00

Økologisk småplante i firkantpotte 8,5×8,5×6,5cm

Utsolgt for 2024

Beskrivelse

Løpstikke er verken selleri eller persille, men den smakar litt som begge deler. Det er ikkje utan grunn at den tidlegare vart mykje brukt i buljong har og har fått kallenamnet “maggiurt”. «kjærleiksurt» er eit anna kallenamn som kjem av at den vart brukt som afrodisiakum i «gamle dagar» 🤭. Har du planta ein løpstikkeplante i hagen din så har du helst truleg buljongkrydder til evig tid. Men pass på at du setter den ein stad der den har rikeleg med plass. Måneskinsbonden kasta ein bitteliten oppalsplante i det som då var komposthaugen nedanfor drivhuset vårt ein gang på 90-talet, og på det største på sommaren no er den løpstikka sikkert tre meter i omkrets og over to meter høg. 😅 Heldigvis sprer den seg ikkje, den kjem berre trufast att på same staden kvart år utan noko som helst stell.

Latinsk namn: Levisticum officinale

Dyrkerettleiing krydderurter

Korleis bruke krydderurter