Vest-indisk sitrongras – Økologisk småplante

kr 59,00

Debiomerke farger med norsk kodeØkologisk småplante i firkantpotte 10,5×10,5×7,5cm

28 på lager

Beskrivelse

Det er to typar sitrongras som vert nytta til utvinning av eterisk olje. Austindisk (Cymbopogon flexuosus) som vi har dyrka på garden sidan 2005 og vestindisk (Cymbopogon citratus) som i tillegg blir brukt til matlaging. Vi har lenge hatt lyst til å prøve vestindisk sitrongras og sidan den er stikingsformert har vi i år kjøpt eit brett med stiklingar som vi har potta opp. Dei plantane vi har til overs sel vi i planteutsalet vårt. Sitrongras veks i tropiske og subtropiske strøk så her til lands er det lurt å ha planten i drivhus eller ein lun varm krok på sommaren. På vinteren må den takast inn. Sitrongras vil ha mykje fuktighet og mykje næring for å få god vekst. Ved godt stell kan det bli ei stor «stråtue» som krev ein del plass.

Latinsk namn: Cymbopogon citratus

Vestindisk sitrongras i mat