Beskrivelse
1: White Russian (Sibirsk bladraps)
White Russian er ein mild og fin grønnkålsort. Men så er den eigentleg ikkje ein «ekte» grønnkål, det er ein sibirsk bladraps (i same slekt som kålrot). Blada er grågrøne med kvite stilkar og bladnervar. Blada har taggete kant og ser ut som store frynsete eikeblad. Planten blir høgare og breiare enn Red Russian og gjev større avling. Den tåler meir kulde og frost enn Red Russian.
Latinsk namn: Brassica napus
2: Nero di Toscana (Svartkål/Palmekål)
Denne bladkålen har vore på markedet sidan 1800-tallet. Planten har lange, smale, mørke og blågrøne blad, og vert brukt som grønkål. Den har eit høgt innhald av C-vitamin. Den tåler ikkje frost like godt som vanleg grønkål. Svartkål/palmekål er eit must i den italienske minestronesuppa.
Latinsk namn: Brassica oleracea var. acephala
3: Lerchenzungen (grønnkål)
Middels høge planter (80-100 cm) med oppreiste blad som er selektert med tanke på evne til å tåle frost. Sorten har ein søtleg, aromatisk smak. Sorten er noko meir frostbestandig enn Westlander Winter.
Latinsk namn: Brassica oleracea var. sabellica
4: Roter grunkohl (Purpurkål)
Halvhøg grønkål med raudfiolett farge.
Latinsk namn: Brassica oleracea var. sabellica
5: Dazzling Blue (Svartkål/Palmekål)
Ein utruleg fin svartkål med blågrå blad og lilla bladnervar. Plantesorten er middels høg og har god vinterherdighet. Svartkål/palmekål er eit must i den italienske minestronesuppa.
Latinsk namn: Brassica oleracea var. sabellica
6: Red Russian (Sibirsk bladraps)
Red Russian er ein av dei mildaste og finaste grønnkålsortane. Men så er den eigentleg ikkje ein «ekte» grønnkål, det er ein sibirsk bladraps (i same slekt som kålrot). Blada er grågrøne med violette stilkar og bladnervar. Blada har taggete kant og ser ut som store frynsete eikeblad. Planten blir 40-60 cm høg og er ikkje fullstendig vinterherdig til trass for namnet. Det er ein gammal sort som dukka opp første gangen i frøkatalogar i 1863. Unge blad egnar seg rå i salat og ellers er bruksområdet som vanleg grønkål.
Latinsk namn: Brassica napus
Dyrkerettleiing grønkål
Grønkål i mat