Beskrivelse
Ein 6-pack med småplantar for dei evige optimistane (oss sjølv inkludert) som ønskjer å freiste skjebnen og plante ut litt før faren for nattefrost er over. Kvar av småpottene i pakken er numerert. Det er ein klisterlapp med QR-kode på sida som ein kan scanne for å få dyrkerettleiing om ein treng det. Dette er små oppalsplantar som gjerne ønskjer å bli planta ut så raskt som mogleg for å vekse vidare. Vatn godt ved planting. Velg gjerne om mogleg ein litt overskya dag for utplantinga for å gje plantane ein litt skånsom start på utelivet. Ein må ha fiberduk o.l. tilgjengeleg for dekke i tilfelle vermeldinga viser minusgrader. Ved begrensa plass i f.eks. ein pallekarm kan ein evt. plante tettare og tenke at det som veks relativt raskt (vårløk, betar, nykål) blir hausta og gjev meir plass etter kvart til dei meir seintveksande som treng meir plass (spisskål og purre).
Potte nr 1: Tidlegkål/sommarkål/nykål – jetma (1 stk)
Den tidlegaste sorten. 50-55 dagar. 0,8-1,5 kg. Jevn og rund kål med fin farge og glatt hovud. Kort indre stengel. God holdbarhet i felt. Relativt sterk mot stokk.
Latinsk namn: Brassica oleracea var. capitata
Dyrkerettleiing hovudkål
kål i mat
Potte nr 2: Raud spisskål – Kalibos (1 stk)
Populær raudkål som har eigenskapane til ein spisskål. Kålen har smakfulle og crispy blad. Spesielt egna til råkost. Når den blir kokt mistar den ein del av sin fine farge. Egnar seg for korttidslagring.
Latinsk namn: Brassica oleracea convar. capitata var. alba
Dyrkerettleiing raudkål
Raudkål i mat
Potte nr 3: Grøn Spisskål – Berns (1 stk)
Spisskål er ein variant av kvitkål som har mange av dei same eigenskapene som tidligkål. Berns er ein ny spisskålsort som er litt seinare enn dei tidlegaste sortane. Kålhovuda er middels store (900-100 gram), og har ein avrunda spiss. Sterk mot sprekking.
Latinsk namn: Brassica oleracea convar. capitata var. alba
Dyrkerettleiing spisskål
Spisskål i mat
Potte nr 4: Vårløk – Ischikrona (3-6 stk)
Vårløk med lang og kvit stengel. Tåler nokre kuldegrader på haust/vinter (når den er fullvaksen). Ein liten tynn plante blir ein vårløk, plantane skal plantast ut ein og ein, gjerne med 5 cm mellom plantane og 25 cm mellom radene.
Latinsk namn: Allium fistulosum L.
Potte nr 5: Middels tidleg haustpurre – blågrønne haust (3-6 stk)
Middels tidleg purreløk med lange skaft og opprett vekst. Tåler temperaturar ned mot 10 minusgrader på haust/vinter (når den er fullvaksen). Lett å hauste og reinske. Ein liten tynn plante blir ein purre, plantane skal plantast ut ein og ein, gjerne med 10 cm mellom plantane og 50 cm mellom radene.
Latinsk namn: Allium porrum
Potte nr 6 : Bete fargemiks, ca 3 stk
Ein miks av ulike raudbetar alt ettersom kva vi har av plantar for øyeblikket. Kan plantast som ei klynge eller ein og ein.