Brytsukkerert Spring Blush 6-pack – økologiske småplantar

kr 72,00

6-pack – økologiske småplantar

Utsolgt for 2024.

Beskrivelse

Høgde: Ca 180 cm

Plant i eit sikksakk-mønster med 5 cm planteavstand på 15 cm breie rader med 60 cm radavstand. Trykk jorda lett til og hold den fuktig. Beskytt småplantane med kvist eller netting mot fuglar og la plantane klatre på eit espalier eller liknande. Hold jorda fuktig og ugrasfri.

Denne brytsukkererta prøvar vi for første gang i år. Vi har hatt den på radaren lenge og var glade då vi fekk tak i frø av den i Norge i år.  Den har rosa og lilla blomster og uvanlege fine belgar i lysgrønt med rosa tonar. Den kan bli 180 cm høg, så den må ha noko solid å klatre på. Plukk belgane når ertene begynner å svelle i belgen, då er dei best. Spring Blush er ei brytsukkerert, og det betyr at den har saftige runder belgar til forskjell frå sukkerert som har flate belgar. Det er lurt å hauste av plantane regelmessig, det triggar utvikling av fleire belgar.

Latinsk plantenamn: Pisum sativum L.

Dyrkerettleiing sukkerert