Kinaskokk Chorogi – Økologisk småplante

kr 59,00

Debiomerke farger med norsk kodeØkologisk småplante i firkantpotte 10,5×10,5×7,5cm

30 på lager

Beskrivelse

Chorogi er ein art i mynteslekta som dannar små kvite rotknollar som luktar og smaker mynte og har ein sprø konsistens. Chorogi er gode ferske, fin i salat og også steikt.

Haustast i september/oktober og kan overvintre ut i åkeren. OBS! Det er vanskeleg å finne alle knollane når ein haustar og den sprer seg lett, så det er lurt å plante den ein stad der den kan vekse i fred og bre seg utan å bli ugrasplante for andre vekstar i åkeren.

Dyrking er enkelt, den tåler alt frå halvskygge til full sol. Det er best med moldrik jord og ikkje for mykje leire.  Sett dei ca 5 cm nedi med 10-15 cm planteavstand og 30-40 cm radavstand. Dersom ein er redd for at planten skal spre seg i åkeren kan ein dyrke den i f.eks. potetpotte i staden.