Giggles/Oca (New Zealand Yam)- Økologisk småplante

kr 55,00

Debiomerke farger med norsk kodeØkologisk småplante i firkantpotte 8,5×8,5×6,5cm

Utsolgt for 2024.

Beskrivelse

Røtene har ein sur smak og kan brukast til f.eks. rasping i salatar, damping, koking eller fritering. Den inneheld oksalsyre og bør etast med moderasjon dersom ein tidlegare har reagert på å ete rabarbra. en sure smaken forsvinn ved varmebehandling.

Denne veksten treng ein lang vekstsesong. Vi tenker å dyrke den i potetpotte i drivhus og sette potta ut på sommaren. Den tåler ikkje frost og knollar som ein tek vare på som setteknollar til neste år må lagrast frostfritt. Knollane som ein skal ete skal oppvarast på ein kjølig, tørr og mørk stad.

Vi har no fått anbefalt å la plantane stå ute heilt til frosten kjem og bladverket visnar ned. Gjerne ei veke etter dette også før ein tek dei opp. Dette fordi mykje av knolldanninga skjer på slutten av sesongen.

 

Latinsk namn: Oxalis Tuberosa

Dyrkeinfo Giggles (Oka/New Zealand Yam)