Lilla sukkerert Shiraz 6-pack – økologiske småplantar

kr 72,00

6-pack – økologiske småplantar

Utsolgt for 2024.

Beskrivelse

Høgde: Ca 65-100 cm

Radavstand: 50 cm

Planteavstad: 5-10 cm

Denne sorten har vi dyrka dei siste 10 åra og den tida vi leverte grønsaker til Gloppen Hotell var dette ein fargeklatt i sukkerertmiksen som vi leverte der. Sorten er dekorativ med tofarga blomster i rosa og lilla og purpurfarga/lilla belgar som er rike på antioksidanter. Dei er best når ein haustar dei små. Vi likar dei best i råkosten eller i woken. Fargen bleiknar til mørkegrøn ved varmebehandling. Sorten er resistent mot mjøldogg og har god toleranse mot bladmugg. Det står skildra på frøpakkane at sorten blir ca 100 cm høg. Hos oss har den vore litt lågare og det gjer at den passar fint å plante i potter. Vi har tidlegare samplanta Delikett (kvite blomster og grøne belgar) og Shiraz (rosa/lilla blomster og lilla belgar) i 40-literspotter med 80 cm espalier som kombinert snack-stasjon og dekorasjon ved inngangspartiet til huset med stor sukesss. For å halde dei litt nede kan ein eventuelt klippe av enkelte av dei spede sukkerertskota. Dei er gode å ete i salaten.

Tips: Vi brukar rimelege plantestøttekjegler frå Biltema i pottene.

Latinsk plantenamn: Pisum sativum L.

Dyrkerettleiing sukkerert