6-pack Duftpelargonium – Måneskinshagen sin sansehage

kr 180,00

Debiomerke farger med norsk kode

Økologiske småplantar, 6-pakning pluggplantar

16 på lager

Beskrivelse

Sekspakning med ulike duftpelargoniumsortar. Kvart rom i pluggbrettet er nummerert slik at ein kan lese om sortane under. Dette er små oppalsplantar som gjerne ønskjer å bli potta om så raskt som mogleg for å vekse vidare. Bruk gjerne 12 cm rund potte eller 1-liters firkantpotte/planteskulepotte. Plantane må stå i vinduskarm/drivhus/annen lys og frostfri stad fram til siste frostnatt (i Gloppen vanlegvis ca 17. mai). Velg om mogleg ein litt overskya dag til å flytte plantane ut for å gje plantane ein litt skånsom start på utelivet. Dersom du tek inn plantane att før første frostnatt og overvintrar dei inne kan du har sansehage i mange år framover.

1: Duftpelargonium Cola

Barnas favoritt med ganske intens duft av cola og rosa blomster. Ein av dei enklaste å overvintre inne.

2: Duftpelargonium citrus floral

Søt småvokst duftpelargonium med litt større rosalilla enkeltblomster enn dei fleste duftpelargonium. Gjer seg fint som bordpynt på veranda/terasse. Blomstrane er nydeleg kakepynt. Kan vere vanskeleg å overvintre inne, kan vere lurt å ta stiklingar på hausten for sikkerhets skuld.

3: Duftpelargonium Appelsin

Nydeleg appelsinduft og vakre litt mindre rosalilla blomster i klaser.

4: Duftpelargonium Rose

Ein av dei enklaste duftpelargoniumsortane å overvintre. Ganske storvokst sort med større rosa blomsterklasar. Lysegrønt bladverk.

5: Duftpelargonium Sitron

Nydeleg sitronduft og kvitrosa mindre blomster i klaser. Kan vere vanskeleg å overvintre inne, kan vere lurt å ta stiklingar på hausten for sikkerhets skuld.

6: Duftpelargonium Moskito Schocker

Duftpelargonium med rosa blomster og en duft som avskrekker mygg men samtidig er behagelig for mennesker.