Beskrivelse
Vi har nokre år no forsøkt å dyrke ulike eksotiske frukter frå frø for å prøve å finne nokre som egnar seg til tunelldyrking i Gloppen. Pepino har vi forsøkt å ale opp frå frø, men det har ikkje vore særleg vellukka så i år har vi kjøpt eit brett med pluggplantar som vi pottar opp og skal teste i veksthus. Plantane som vi får til overs sel vi i planteutalget vårt.
Pepino er ein spennande slektning av tomaten. Vakre, stjerneforma og lyserosa blomster med gule fruktemner. Plantast ut i mai-juni i drivhus eller i varme frilandsforhold når faren for frost er over. Bindes opp. Overvintres frostfritt.
Pepino kjem frå Peru og frukta veks på små tre/busker. Den liknar på melon i utsjånad og smal. Frukta er oval eller hjerteforma. Skalet er tynt med ein lys gul farge med lilla striper. Undervegs i modningsprosessen skiftar umoden pepino farge frå grønkvit til gul. Fruktkjøtet er gult, saftig og mjukt, som oftast helt utan kjerner. Smaken er aromatisk og kan minne om ein blanding av pære, aprikos og melon. Pepino er god å ete naturell. Den kan kuttast i båtar og serverast saman med røykt skinke eller spekemat. Frukta kan delast i to og hulrommet i midten fylles med bitar av jordbær og kiwi med litt portvin, og serveres til dessert. Den kan også kuttast i bitar og brukast i fruktsalat. Umoden pepino kan brukast som grønsak.
Latinsk namn: Solanum muricatum