Søtpotet (Early Orange) – Økologisk småplante

kr 59,00

Debiomerke farger med norsk kodeØkologisk småplante i firkantpotte 10,5×10,5×7,5cm (volum: 0,55 liter)

28 på lager

Beskrivelse

Vi har lenge hatt ønske om å dyrke søtpotet og i fjor klinka vi til og bestilte pluggplantar som vi planta på friland med fiberduk. Det vart ein kald sommar og lite avling men vi prøvar på nytt att i år. Vi har kjøpt eit heilt brett og vi sel dei plantane som vi ikkje har plass til sjølv. Vi er usikre på om denne sorten vil klare seg på friland i Gloppen sidan den er varmekjær med optimal veksttemperatur rundt 25 ⁰C og trives best i full sol. Så vi tenker enten dyrking på friland på svart plast med fiberduk over eller i potte/bed i drivhus/drivtunell. Den treng omtrent dobbelt så stor plass som potet, men treng ikkje hypping. Det skal gå å dyrke søtpotet i potetpotte, ein plante per potte. Vi har gått for sorten Vineland Early Orange fordi denne skal vere ein tidleg og produktiv sort. Den har ei utviklingstid på 120-140 dagar frå stikling til hausting. Innsida er oransje og skalet er raudt. Søtpotet har rankande vekst og vil gjerne klatre på noko om du har den i potte. På friland kan den godt vekse utover marka, men pass på at bladverket ikkje røtar seg vidare, det tek veksekraft frå knollane.

Søtpotet foretrekker velgjødsla og veldrenert jord med sur til nøytral pH. Gjødsle med kaliumrik gjødsel (tips: mykje kalium i bananskall….). Pass på å vatne godt, men la det tørke opp mellom kvar vatning.

Latinsk namn: Ipomoea batatas

Søtpotetdyrking i Norge

Youtubevideo med nyttige tips om søtpotetdyrking (engelsk)