Beskrivelse
Vi dyrka Inka Red for første gang i 2024. Den vaks godt på friland utan fiberduk og vi hausta store røter på seinhausten før frosten kom. Røtene brukte vi mest i wok og som kokt rotgrønsak til middag. Vi har kjøpt eit heilt brett med pluggplantar i 2025 også og vi sel dei ompotta plantane som vi ikkje har plass til sjølv. Den treng omtrent dobbelt så stor plass som potet, men treng ikkje hypping. Knollane blir større jo lenger veksttid den får, gjerne 7 mnd om sesongen tillet det. Den vil ha næringsrik jord og gjerne støtte. Vi vil tru denne planten egnar seg fint å dyrke i ei potetpotte i drivhus dersom ein ikkje ønskjer å freiste skjebnen på friland, men ver merkasam på at bladverket stjel stor plass i høgda.
Yacon kan stå i jorda til blada visnar på hausten, men knollane bør haustast før frosten kjem. Det er to typar knollar på planten; dei små yngleknollane som skal bli til nye plantar neste år, og de større knollane som ein haustar inn og et. Yngleknollane sit øverst medan knollane ein skal ete ligg lengre ned i jorda. Etter hausting kan ein tørke knollane på ein lys og tørr stad for å auke sødmen i knollane. Etter tørking kan dei lagrast som potet, fordelen er at yacon tåler lys lagring. Yacon kan ein både ete rå, kokte eller steikte.
Latinsk namn: Smallanthus sonchifolius ‘Inka Red’
Første året med yacondyrking i Gloppen
Blogginnlegg om Yacon I Min Mors Hage