Krydderurter

Måneskinshagen dyrkar krydderurter som Gardsbrenneriet brukar i sine brennevinsdestillat. Vi sår/formeirar opp plantane sjølv på våren og lagar ekstra oppalsplantar som vi sel. Vårt utval av krydderurter er litt uvanleg fordi vi fokuserar på dei sortane som vert brukt i drikkevarene til Gardsbrenneriet. I tillegg har vi hatt ein lang tradisjon for dyrking av meir vanlege krydderurter på garden, som f.eks. kruspersilleproduksjonen som vi hadde på 80-90-talet som vart levert til kjøkken på oljeplatformar. Dette var i beste Ingrid Espelid Hovig tida med ein kvast kruspersille på kvart serveringsfat. Det er viktig for oss å halde denne tradisjonen i hevd og vi alar opp plantar av dei vanlegaste “matkryddera”.

Viser 1–16 av 18 resultater